Karoline Emmerhoff

Søndag 13. oktober
19:00 @ kirkerommet, Olsvik kirke

Krukkesong - åtte krukker syng sine songar

Krukker er litt som menneske, med utside og innside. Krukkesong handlar mest om det rommet som er inni krukka, dei ulike livsromma vi menneske kan koma inn i. Om venting, undring, håp og kjærleik. Åtte unike krukker som inviterer oss med inn i sine rom, og let oss få høyre songane deira. Krukkesong er eit nyskapande samspel mellom keramikk og musikk.

Med kunsthandverkar Karoline Emmerhoff, Asmund Brekke på orgel, Belinda Lerøy på vokal og Trygve Hellesen på saxofon.