Naboen Min

Onsdag 16. oktober
17:00 @ kirkerommet, Olsvik kirke

Vinner av Spellemannprisen for barneplaten ROCKESOCK

Måndag 1. oktober 2018 kom bandet Naboen Min ut med si debutplate «Rockesock». Plata er ei samling nyskrivne barnesongar, og har som mål å få ungar til å synge, danse, smile og le. Musikken på albumet spenner frå rock til viser, og ein kan òg finne inspirasjon frå både reggae og country. I tekstane, som er på nynorsk, finn ein både humor og alvor. Ein får høyre om dansande kroppsdelar, hoppande dyr og folk som treng trøyst. Og om ein vil lære seg nokre gloser på romvesensk, er ein komen riktig stad.

Naboen min er eit band samansett av forfattar og låtskrivar Vegard Markhus, og produsent og multiinstrumentalist Bjørnar Sangolt. Live har Naboen Min som oftast med seg Einar Olsson på trommer og Eirik Utne på bass. Dei er kjend frå band som til dømes Casiokids, Alibiet, Kiss Kiss King Kong, Good Time Charlie og Silja Sol.

Utanom Naboen Min, har Bjørnar i ei årrekkje vore aktiv som gitarist og produsent. Han har mellom anna spelt med Trygve Skaug, og i bandet StMorritz. Vegard arbeider som lærar, illustratør og forfattar, og har gjeve ut fleire biletbøker for born. For «Timothy mister seg sjølv», som kom i 2010, fekk han Nynorsk Barnelitteraturpris. Med bøker og gitar, har han vore på talrike turnéar på barneskular rundt omkring i landet.

Naboen min har hatt ei rekkje konsertar på skular og i barnehagar, og slik fått bekrefta at ungar likar både å danse og synge til musikken. Borna har respondert veldig positivt på musikken, og det gjer at det er ekstra stas å endeleg kunne presentere musikken for alle som ynskjer å høyre meir!

Naboen Min vann Spellemannsprisen 2018 i kategorien «Barnemusikk».